Siren Haugland Gundersen (I permisjon)
Finansrådgiver
52 70 51 47
Etnebuen Sebastian Øglend har alt kjøpt seg eigen bustad i ein alder av 19 år. Ein einebustad på stor utsiktstomt med potensiale i det veletablerte Kambefeltet i Etne.
Han såg tidleg verdien av å spare. Heile vegen med foreldre som oppmuntra og gav gode råd.
– Eg starta med BSU som konfirmant. I tillegg fekk eg interessa og forståinga av å spare i fond og aksjar, som har gjort at eit eg framleis set av eit fast beløp i månaden, forklarer ungdommen som også får tid til fotball med vener i fritida.
Så langt i 2023 har ballen bokstavleg rulla med raske skritt for Sebastian. Akvakultur lærlingen ved det landbaserte settefiskanlegg til Mowi Fjæra, sysla så vidt med tanken i haust om å investere i eigen bustad. I januar tok han kontakt med ulike bankar for å sjekke vilkår og moglegheiter.
– Her det pengar å hente, forklarer lærlingen som ser moglegheiter og har nytta tida med å ta ekstravakter for å spe på lærlingløna og i tillegg ha tid til kjærasten sin når fritida melder seg. Heile vegen med tanke på sparing til eigen bustad.
Grunnløna for lærlingar med gradert auke kjem vel med under utdanningsløpet. Læretida er to år i bedrift etter to år på vidaregåande. Frå august av startar han i fast stilling som røktar med fagbrev i akvakultur ved anlegget.
– Utan tvil har Haugesund Sparebank vore ein god samtalepartnar, der gode løysningar og budsjettoppsett har vore medverkande årsak til at huskjøpet vart ein realitet berre etter nokre månader, seier huskjøparen som er midt i oppussing med god hjelp og verdfulle råd om fargeval og interiør frå familien som stiller opp.
Med Haugesund Sparebank sin nysatsing i eigne lokale i 2. etage hjå Etne Senter ønsker banken å vere ein nær og personleg bank.
Terskelen skal vere låg for at unge som ønsker å busetje seg i bygda og er på jakt etter sin første bustad skal ta kontakt. Banken ønsker at ungdommane skal bli sjølvstendig og kan ta vare på sin eigen økonomi i ung alder.
– Sebastian har vist vilje til å spare i samarbeid med oss i banken, seier kunderådgivar Siren Haugland Gundersen på avdelingskontoret i Etne, og at han tenkjer langsiktig at på Kambe vil han bu i mange år framover.
Fast inntekt og røktarløn var avgjerande for at eg kan betene huslånet mitt framover, poengterer den unge huseigaren som også er opptatt av at yrket hans er framtidsretta med ei berekraftig tilnærming.
Rom for ein ferietur er det også budsjettert med røper den unge huseigaren.
– Den går til Sveits med to kameratar på konsert med Coldplay smiler Sebastian Øglend nøgd.
Finansrådgiver
52 70 51 47