Gå til sideinnhold
Ansatte Ølen

Haugesund Sparebank går motstraums!

Me satsar endå meir på privat kundar, samt små og mellomstore bedrifter. I tillegg til bønder som me alle er så avhengige av.

Med ein oppfriskande og blå profil i frontpartiet trekkjer merk-semda seg til inngangsdøra der kontoret vårt ligg tet ved Dreganesvegen i Ølen. Med kundevenlege opningstider og ein ny profil er målet å fortele at banken er lokal nær og personleg.

Fasade_avdeling Ølen

Kontakt med kundane

Terskelen er låg for at kundene kan ta kontakt med oss, fortel banksjef Lars Olav Larsen.  Direkte kontakt med den enkelte kunde gjer det enklare å kommmunisera om for eksempel låne- og forsikringsbehov, sparing og plassering.

Me kjenner også veldig mange av kundene våre, og har dermed let  for å setja oss inn i den enkelte kunde sitt  behov.

Dei to bankavdelingane i Vindafjord med til saman sju tilsette samarbeider om dei  forskjellige sakene som kjem til kontora.  Med framtidstru og optimisme satsar banksjefen og hans tilsette på å vera tilgjengelige både for eksisterande kunder og har også opne dører for nye kunder innan privatmarkedet  og små ogmellomstore bedrifter i distriktet.

Marit Synnøve Frantsen Avdelingsleder i Skjold, Lars Olav Larsen Banksjef Vindafjord og Siri Tungesvik Vestbø Finansrådgiver.
Marit Synnøve Frantsen Avdelingsleder i Skjold, Lars Olav Larsen Banksjef Vindafjord og Siri Tungesvik Vestbø Finansrådgiver.

Landbruket og framtidig norsk landbruksproduksjon

For tida knyter det seg i desse dagar til stor spenning for det lokale landbruket.  Landbruket står framfor store utfordringar i tida som kjem.  Kostnadsnivået for investeringar har auka svært mykje.  Nye krav til husdyrhald med forholdsvis kort tidsfrist for å gjennomføra, medfører som oftast investeringar i millionklassen. Innsatsfaktorar i drifta, slik som kunstgjødsel og drivstoff har også hatt stor prisauke.  Heile det auka kostnadsnivået gjer sitt til at inntjeninga kan bli redusert framover.  Krigen i Ukraina har også bidratt  til usikkerhet angåande den norske matproduksjonen framover.

Nokre bekymringsrynker dukkar opp hjå banksjefen når det er snakk om landbruket. Han veit kva eit auka kostnadsnivå betyr. Sjølv dei mest solide vil tenkja seg godt om før dei investerer for framtida. Blir det avvikling i landbruket og nedslakting av dyr, er det ein trussel for norsk matproduksjon. Ringverknadane kan bli store innan dei ulike næringane og arbeidsplasser og tjenester kan gå tapt. Sjølv om banken i dei fleste tilfeller er positiv, vil det vera nødvendig at det kjem inn statlege midler som kan støtte opp om framtidig drift og positiv utvikling. Bøndene treng forutsigbarhet i sin kvardag for å arbeida med det dei er gode på: Produsera norsk mat til alle i Norge.

Larsen legg likevel til: Me har mange flinke bønder i området vårt, og dei som er gira og har framtidstru, vil klara seg fint framover, sjøl med store investeringar. Og me prøver å finna løysingar til dei aller fleste. Snakk med banken og involvèr oss i planane dykkar, så vil det meste ordna seg.

Vil få understreka at me har mange svært flinke bønder i distriktet vårt, og som godt vil makta planlagde investeringar.

Banksjef Lars Olav Larsen

Grønt landbrukslån

Landbrukskundene er svært viktige for dei lokal bankkontora. I den forbindelse ynskjer banken nå å etablera eit grønt landbrukslån. Dette med formål om å bidra til atnye investeringskrav lettare kan bli utførte. Slike investeringar er for eksempel solcelleanlegg, gjødesellager. plansiloar mv.

Lånet blir gitt bankens beste rente og vil ha ei viss beløpsbegrensning. Til investeringar som her er nevnt, er som oftast Innovasjon Norge med i ei totalfinansiering, gjerne opp mot 30%. I dei aller fleste investeringar innan landbruket vil Innovasjon Norge vera ein vikitig samarbeidspartner.

Snakk med banken og involver oss i dine planar. Vi vil hjelpe deg slik at du får realisert din plan på ein god måte.
Ta gjerne kontakt med Lars Olav Larsen på tlf. 52 70 51 42